Marine Profile vart stifta på Bømlo 18.12.2012 som eit fritidsprosjekt då Jan Arvid Monsen var heime frå arbeid offshore.

Han jobba som styrmann, men har sidan barneskulen hatt eit brennande ønskje om å skapa noko eige. I slutten av 2015 var etterspurnaden så stor at han valde å satsa fult og heilt gründerdraumen.

Tilsette

Verksemdene på Bømlo og tillita deira har vore ein stor del av oppbygginga av Marine Profile i tillegg til dyktige og kompetente tilsette.

Marine Profile har gått frå gravering av skilt og profileringsartiklar til å kunna levera alt frå A til Å innan profilering og reklame!